Gjørme, galskap og ein ørliten biltur

Etter 2 veker i arbeids­livet etter endt sommer­ferie, er det vel på tide å oppsummere litte­grann. Som eg lovte tidligere i sommer, kjem her eit «lite» tilbake­blikk på kva som har skjedd sidan sist.

Stord/​Halsnøy, 29. juni-3. juli.

Halsnøy
Motiv frå Halsnøy.

Kvifor stresse i begyn­nelsen av ein ferie? Det tenkte eg også, så eg starta ferien hos opphavet på Stord, før eg besøkte svigers på Halsnøy. Her gjekk det for det meste i soving, kubbe­speling og bading. Nett så det skal vere i ein ferie.

Roskilde Festivalen, 5.-8. juli

Bønder i byn!
Stian, Even og meg på byen i Roskilde - Bønder i by’n!

I og med at det var mørkt då me kom fram til festi­val­om­rådet, såg me ikkje stort, men me merka godt at dette kunne utarta seg til å verta ein gjørmefest utan like. Uhorvelege mengder med regn gjorde vår (meg og Kjell) første Roskilde Festival til noko me kjem til å huska ekstra godt. Ikkje berre pga. den høge gjørme/​vannstanden, men også for gode konsert­opp­le­velser med blant andre Arcade Fire, Björk, The Who, Bigbang, Muse og The Whitest Boy Alive.

The Who - Roskilde 2007
The Who.

Reykjavík, Island, 11-16. juli

Motiv frå Island
Sommarleg og vakkert(?) motiv frå Reykjavík.

Etter gjørme­festen i vårt lave naboland gjekk turen til Island. Me (fortsatt meg og Kjell gitt) reiste uten noko form for plan, alt som skulle foregå, skulle skje på impulsen. Me leigde oss bil for ein dag (800 kr for 24 timer er ganske så ålreit, synes eg), og kjørte litt rundt på Vestlandet. Der var me «innom» Islands høgaste fossefall, Glymur (192m), Alkranes (ein industriby) og Islands svar på Ondskapens Hotell. Eit hotell som plutseleg dukka opp in the middle of nowhere :)

Grottevandring på Island
Grottevandring i Tingvellir.

Dagen etter bestemte me oss for at det skulle gjennom­førast ei grotte­vandring med turope­ra­tøren Arctic Adventures. Me hadde rekna med at det skulle vere fullt belegg med turistar som oss på turen, men i staden fekk me jammen meg ein privat guida tur. Ikkje verst! Han «anbefalte» oss å droppe gullruta, og heller ta ein rafting-tur på Hólmsá. Og jammen blei det til det på laurdagen. Etter tre timer i bil kom me fram til elva – dog uten rednings­vestene. Etter nye tre timer hadde guidane/​raftingførarane fått henta dei på depotet sitt og moroa kunne byrja. For å oppsummera noko som kunne vorten ei lang avhandling: Det var DRIT gøy og ein følelse av vill elve-action :)

Om kvelden var me innom Kaffi Hljómalind og høyrde på eit ukjent band spille live til kvelds­kaffien. Etterkvart dukka det opp ein kjent mann i døra. Begge to meinte det måtte vere Jonsí, vokalisten i Sigur Rós, og fekk bekrefta det ytter­legare etter å ha sett han igjen på traileren til Heima - dokumen­taren om bandet.

Siste dag tok me det totalt med ro. Me satt på kafé om morgonen og naut sola og varmen. Det var jevnt over 20 grader og sol kvar dag, og det resul­terte i solbrente kropper, så litt meir sol på kroppen hadde nada å sei. Got it? Solbrent på Island. Faktisk!

Me avslutta reisa med eit par timar i The Blue Lagoon, som for tida er grønn. Mmmh! Kan anbefalast!

Roadtrip, 17.-29. juli

Meg og madammen på Lindesnes
Meg og madammen på Lindesnes Fyr

Som du kan sjå av datoane, har eg ikkje ligge på latsida. Dagen etter heimkomsten frå nord var det ut på lande­vegen sammen med madammen, Renate. Turen blei etter­kvart, som eg og ei venninne av madammen så fint ordla det: Ei signingsferd av dimmen­sjoner. Følgjande plasser vart besøkt og behørig plotta inn på reise­kartet:

  • Bergen
  • Måløy (og Kråkenes fyr)
  • Stryn
  • Loen
  • Flåklypa
  • Hafjell
  • Oslo
  • Hurum
  • E18 (camping på ein raste­plass ein eller annan plass langs vegen)
  • Arendal
  • Kristiansand
  • Mandal
  • Vigeland
  • Lindesnes fyr
  • Nærbø
  • Ganddal
  • Stavanger

Etter nesten 2.500 kilomenter i bil, vart turen avslutta med eit besøk hos foreldra mine på Stord. Med andre ein fin liten biltur, kor me opplevde nye plasser og begge to møtte mange nye koselege folk.

Skoi på Tusenfryd
Skoi på Tusenfryd!

Men til neste år vert det nok ikkje så mykje kjøring. Då blir det nok heller til at me drar til ein plass og blir det lengre :)