Tidslinjer, sånn cirka…

Jau, tross nær-gjørme-drukning-døden-opplevelse på Roskilde Festivalen, solbrenthet på Island og totalt 27 timer på flyplass/i fly siste 11 dager er eg fortsatt i live!! Ville berre at dykk kjære besøkjande skulle vite det, ettersom det ikkje er så alt for masse som har vore posta her på sida siste månedane.

Roskilde var vått, men rått!

Skal gi ein meir utfyllande raport frå både Roskilde og Island etterkvart. Først venter to veker med litt god gammeldags road-tripping med det røde lynet av ei folkevogn tilhøyrande madammen. Som om du står langs vegen anten det skulle vere i Nordfjord, Hafjell, Oslo, Kristiansand eller i Stavanger-området neste vekene, VINK!! Me skal klare å vinke tilbake så godt me klarer :)

Ha ein fortsatt god sommer!

PS: Som bildet viser var Roskilde vått, men rått! Heldigvis var eg ein av få som hadde tørt telt gjennom heile festivalen…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.