Skiseiling på Finse med DNT-Ung

Rasting ved Finse på veg til Hardangerjøkulen

Finse var plassen å vere no i hel­ga (13.–15. april). Vert­fall for oss 12 som hadde meldt oss på DNT Bergen Ung­doms­grup­pen sitt Ski­seil- og kite-kurs. Etter eit kjapt intro­duk­sjon­s­møte med resten av deltakarane var det tid for eit kort møte med instruk­tørane om sikker­het og generell bruk av ski­seil. Her fekk me vite kor­leis me skulle forholde oss til vind og ver, litt his­to­rie og vis­ning av film som moti­vasjon.

Vind?

Dagen etter, på lørda­gen vak­na me tidlig. Tid­spunk­tet for dagens start var det i starten uenighet om, men etter det dagen til slutt bydde på, var det ikkje så dumt likev­el. Til tross for strå­lande sol frå skyfri him­mel og totalt vin­d­stille, såg det først mørkt ut for at kurset kunne ver­ta noko amput­ert. Men me hadde gode instruk­tørar som hadde vore ute ei vin­ter­natt før, eller rettare sagt; ein vin­d­stille vin­ter­dag, som vis­ste rød. Me tok beina fatt og van­dra opp utfor­løy­pa på nord­si­da av Finse 1222, og enda opp på fla­ta mel­lom Jom­frunuten og Sand­dal­snuten. Her var det vind — dog kun i litt over ein time. Men det var tid nok til at alle fekk seilet opp og prøvd seg på forskjel­lige manøver. Etter 4–5 timer bestemte de fleste seg for å dra tilbake til Sam­funnshuset kor me holdt til. Nokre av oss vart igjen i håp om at vin­den skulle ta seg opp. Etter ein god time kjende me igjen drag av vind, men under­teg­nede hadde ikkje tru på at det ville vare sær­leg lenge, så eg van­dra ned att eg også. Men det var ikkje noko sjakk­trekk etter­som det varte ei god stund, etter smi­la på dei fire som vart att for å sjekke ut dei siste dra­ga…

Etter alle hadde kome heil­skin­na og sol­brente tilbake til Sam­funnshuset, kunne kokkane diske opp med laks og pas­ta med fløyte­saus og pesto til kvelds.

Hardangerjøkulen

Sønda­gen vart den desidert finaste og mest opplevelses­rike dagen på kurset. Denne dagen hadde som gårs­da­gen, total man­gel på vind. Atter ein gong måtte me dra dit vin­den grodde, eh, blåste. Me bestemte oss for å dra frå Finse 1222 til Hardan­ger­jøkulen for å sjekke ut forhol­da der. Instruk­tørane hadde høyrt ryk­te om gode forhold der dagen før, så det var store sjanser for at dette var dagen.

Etter omtrent 3 timers van­dring på ski, kunne me ende­leg opprette «base­camp» på jøkulen, og flekke opp ski­seila me hadde dratt med oss. I føl­gje instruk­tørane opp­nådde me stort sett ikkje meir fart enn 30–40 km/t, men for oss «nyb­eg­yn­narar» føltes det virke­leg ut som me suste endå fort­are bor­tover snøen. Enkelte av oss klarte å opp­nå eit lite luft­ing svev over bakken, men ingent­ing kunne slå det instruk­tørane viste oss av slike kun­ster.

Me kunne ikkje anna nyte det vin­den hadde å til­by oss, og utnytte det til det fulle før me måtte pakke sam­men og dra tilbake for å rekke toget.

To mør­ban­ka bein og eit toma­trødt ansikt seinare kan eg bekrefte at dette er noko eg kan anbe­fale til alle som lik­er fart, spen­ning og ein god dose adren­a­lin i krop­pen. Og det er ikkje ofte man sei at man har seilt på Hardan­ger­jøkulen…

Relaterte linker