«Fan, du æ glømsk»

Årets må-sjå-film hadde førpremiere i Bergen i dag: «Kill Buljo – The Movie». Eg flekka med meg ein billett i siste liten, og fekk meir enn det eg hadde betalt for. No ligge det i korta at eg fekk billetten gratis, men likevel, filmen må berre sjåast. Særleg om du har sansen for samisk/nord-norsk humor og liker reinsdyr. Eller berre er ute etter ein latterfull kinoopplevelse frå vårt fagre nordland!

Kill Buljo - The Movie

Som filmtittelen seier, så er det ein parodi på Quentin Tarantinos Kill Bill-filmer frå 2003, men den inneholder også parodier på ein rekke andre filmer.

– Hva skjedde?
– Buljo å gjengen barska inn døra midt i ekstranummeret til Banana Airlines og skaut laus på alle gjæstan.
– Hvorfor gjorde dem det?
– Har du nån gang hørt Banana Airlines?

Før filmvisninga starta, fekk publikum høyre ein liten historie bak heile prosjektet. Det starta med først ein liten kortfilm, filma på ein dag og med eit budsjett på 50 kr. Den gjorde det bra på nettet, og dei laga likeså Kill Buljo II. Den hadde, ved hjelp av Nettavisen endå større suksess. Den brukte dei to daga på, og budsjettet vart dobla.

– Jeg har ingen truse på meg.
– *Sukk* Fan, du æ glømsk!

Absolutt verdt å sjå om du har lyst å le av samer og nordlendinga (no offence!).

Titt titt:

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.