«Fan, du æ glømsk»

Kill Buljo - The Movie

Årets må-sjå-film hadde før­premiere i Bergen i dag: «Kill Buljo — The Movie». Eg flek­ka med meg ein bil­lett i siste liten, og fekk meir enn det eg hadde betalt for. No ligge det i kor­ta at eg fekk bil­let­ten gratis, men likev­el, fil­men må berre sjåast. Sær­leg om du har sansen for samisk/nord-norsk humor og lik­er reins­dyr. Eller berre er ute etter ein lat­ter­full kinoop­plevelse frå vårt fagre nord­land!

Som filmtit­te­len seier, så er det ein par­o­di på Quentin Taran­ti­nos Kill Bill-filmer frå 2003, men den innehold­er også par­o­di­er på ein rekke andre filmer.

- Hva skjed­de?
— Buljo å gjen­gen bars­ka inn døra midt i ekstranum­meret til Banana Air­lines og skaut laus på alle gjæs­tan.
— Hvor­for gjorde dem det?
— Har du nån gang hørt Banana Air­lines?

Før filmvis­ninga star­ta, fekk pub­likum høyre ein liten his­to­rie bak heile pros­jek­tet. Det star­ta med først ein liten kort­film, fil­ma på ein dag og med eit bud­sjett på 50 kr. Den gjorde det bra på net­tet, og dei laga likeså Kill Buljo II. Den hadde, ved hjelp av Net­tavisen endå større suk­sess. Den bruk­te dei to daga på, og bud­sjet­tet vart dobla.

- Jeg har ingen truse på meg.
— *Sukk* Fan, du æ gløm­sk!

Abso­lutt verdt å sjå om du har lyst å le av samer og nordlendin­ga (no offence!).

Titt titt: