To gode naboar

Pat & Mat, eller betre kjent som To gode naboer her til lands, herja Barne-TV i min barndom. No har eg ikkje fulgt med på kva som går no til dags, men det er vertfall noko som går i gløymeboka ganske fort og som ikkje vert sett på som god underholdning for oss «godt voksne» barn.

To gode naboer

Pat & Mat, eller betre kjent som To gode naboer her til lands, herja Barne-TV i min barndom. No har eg ikkje fulgt med på kva som går no til dags, men det er vertfall noko som går i gløymeboka ganske fort og som ikkje vert sett på som god underholdning for oss «godt voksne» barn. Denne tsjekkoslovakiske programserien, er eit unntak. Mogeleg det var fordi den i utgangspunktet vart laga som underholdning for vaksne, om me skal tolke ganske så sikre kilder.

Min re-opdaging av serien starta eingong for to, tre år sida, då eg og ein bestekompis sat og mimra om barndommens glamour, med høgdepunktet satt til klokka 18 kvar bidige kveld. Då me kom innom denne serien måtte me berre prøve å få tak i eit par episoder, berre for å sjå om det fortsatt var like underholdande som i våre glade yngre år. Etter mykje om og men, fant me kun websider som inneholdt historien bak og om, men ikkje nokon plass me kunne få kjøpt herlighetene. Historien om to håpløse fyrer som hadde overflod av løysningar som alltid gjekk skeis kunne kanskje minne oss om korleis me eigentleg var sjølv :)

Ettersom me ikkje fant noko særleg av episoder, dalte heile «prosjektet». Heilt ein DVD-utgave lyste i mot meg på Platekompisen her i Bergen. Man trengte ikkje be meg to ganger om å kjøpe den. Den var allerede plassert på toppen av min allereie fulle famn med cder og DVDer eg berre «måtte» ha. Men etter eg fekk satt den i hylla mi, gjekk den likefort i gløymeboka. Usikker på kvifor, men slik vart no det eingong.

Til i går.

Me satt atter ein gong i sofaen, eg og min kamerat, og såg på denne boksen kalla fjernsyn. Ikkje mykje interessant som går der for tida, så me såg gjennom DVD-samlingen min etter ting me ikkje hadde sett før, eller som kunne underholde oss ein regntung lørdags ettermiddag. Då me fant igjen DVDen, var me ikkje seine om å setje den på og rydde plass på bordet til beina og noko godt å drykkje. Det tok ikkje lange tida før latteren gjorde gjenklang i rommet mellom mine tomme vegger. Me var, sett vekk ifrå «voksen-brusen», atter eingong dei to små gutane som satt benka foran den gamle TV-skjermen heime i stova i barndomsheimen.

Så, first thing monday mornin», eller vertfall etter arbeidsdagen er over, så er det igjen tid for å finne nye utgåver av denne klassiske serien. Kanskje eg også finner andre gamle Barne-TV-klassikarar blant hyllemetrane?

Verdt å kikke på:

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.