Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...

Skriftsnitt: Parallello

Det er tydeleg at kreativiteten min begynner å stige til nye nivå igjen. Men det er kanskje på tide med tanke på at det nærmar seg slutten på førstegongstenesta og at det snart er tilbake i full jobb igjen. Som du kan sjå av biletet over så er det snakk om eitt nytt skriftsnitt. Det andre på under ei veke. I present to you – Parallello!

parallello

Denne har egentleg ligget i bakhovudet mitt ganske lenge, heilt sidan ein kald vårdag på skiltet. Skiltet er då navnet på landgangsvakta på fregatten. Attmed meg låg det eit par paller, og på dei fleste var det brent inn ting og tang av større og mindre betydning. Men det var ei palle som interesserte meg meir enn dei andre. Ikkje fordi den var finare eller den slags, men rett og slett fordi den hadde eit ord – green – skrive med ei ganske kul skrift.

Så eg bestemte meg for at den skulle eg jammen meg få laga ei skriftsnitt av. Det tok som nemnt litt tid, men her er den vertfall: Last ned Parallello, eller test den ut her før nedlasting.

Summary in english:

Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.

v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional