Spaserturen 2006: Hardangervidda

Då var årets gutte-tur over. Denne gang var det Hardangervidda vest på tvers som stod på programmet. Ein liten tur på ca 75 kilometer som kjem til å verta huska for sola, hyttene og dei alltid like hyggelege gnagsåra…

Tre dager inn i marsjen, 1 dag etter planen grunna ufyseleg ver, kunne H?rteigen bestigast. Her ved foten av den.

Då var årets gutte-tur over. Denne gang var det Hardangervidda vest på tvers som stod på programmet. Ein liten tur på ca 75 kilometer som kjem til å verta huska for sola, hyttene og dei alltid like hyggelege gnagsåra…

Eg og turkameraten min Kjell bestemte oss i år for å ta ein impulstur over Vidda. Ein liten tur til Hårteigen (biletet over), ein topp som rager 3-400 meter over resten av Europas høgaste fjellplatå – Hardangervidda. Men før me nådde så langt måtte me gå i to dagar og håpe på at veret var bra nok til å bestige toppen.

Første dagen gjekk frå Tinnhølen til fjellhotellet Sandhaug, som ligger idyllisk til ved Normanslågen. Enkel tur på 3,5 timer. Dagen etter skulle bli den ardaste av dei alle. Den starta med x-antall myggstikk for min del, og sola steikte uavbrutt. Etter 8 timers trasking på lange opne sletter, havna me nedi ein liten dal kor Hadlaskar-hytta låg og venta på oss.

Herifrå kunne me beskue Håteigen som låg kun 3 timer i frå denne hytta. Hårteigen kunne forsåvidt beskues over heile vidda (kan skimtast midt på biletet under), men no var me berre ei god natt søvn unna hovedmålet. Berre veret holdt seg…

Turens m?l - H?rteigen - kan skimtast stort sett heile turen. Men det er fortsatt 2 dager til den kan bestiges...

Noko det sjølvsagt ikkje gjorde. Etter to strålande dagar med sol og varme opp mot 25 grader, vakna me opp til tett skydekke og regn i lufta. Og det blei berre verre utover dagen. Me måtte til slutt innsjå at ein tur oppom toppen denne dagen måtte skrinleggjast. Skodda og vannrett regn var ikkje ver-typen man ville ha når man skulle beskue ein utsikt frå 1690 meters høgde.

Litt medtatte etter basketaka med vind og regn, måtte me innsjå at turen ikkje hadde utarta slik me hadde tenkt. Me bestemte oss difor for å sjå an veret om morgonen og prøve på å bestige den før me drog videre til Tyssevassbu – siste stopp på turen.

Dagen etter blei eg vekt av ein lysande ivrig kamerat som ville ha meg ut av senga og ut i det fri. Det var sol fra skyfri himmel, og då var det berre ein ting å gjere, nemleg å pakke sekken for som f… eh… fy, og komme seg avgårde.

Me kom oss opp og blei møtt av ei fantastisk utsikt. Under kan du sjå utsikta mot nord-aust, mot Normannslågen og Sandhaug i horisonten, turens utgangspunkt.

Utsikten er udiskuterbar fr? toppen. Du ser langt fra 1690 meters h?gde. S?rleg om resten av vidda er flat og liger mellom 1000 og 1200 meters h?gde ;)

Etter den toppen var bestege satte me tidsrekord i å gå frå Torehytten ved forten av Hårteigen og til Tyssevassbu. Det står oppført at turen på 15 kilometer (i ulendt terreng) tar ca 6 timer i konstant gange, dog man pleier å bruke fleire timer enn det som står på kartet. Me brukte i underkant av 5. Kan det ha vore frokostblandinga me spiste? Jepp, det kan det :-)

På Tyssevassbu var me stort sett åleine, om me ser vekk i frå to nederlendere som hadde sin 12. dag på vidda… Med andre ord: Vår tur var berre barnemat på usle 75 kilometer.

No er det berre til å vente på at neste sommer skal komme. Då står mest sannsynleg Island for tur. Det kjem vel mest an på økonomien, men det skal nok alltid bli årnings på!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.