Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Takk Sigur Rós!

Det blei bra. Veldig bra. Betre enn eg hadde forventa, om eg skal vere heilt ærleg. Konserten med Sigur Rós på Sentrum Scene i Oslo i går var noko utanom det vanlege, og velter inn på andreplass på mi topp 5 over beste konserter!

Live p? Sentrum Scene.

Det blei bra. Veldig bra. Betre enn eg hadde forventa, om eg skal vere heilt ærleg. Konserten med Sigur Rós på Sentrum Scene i Oslo i går var noko utanom det vanlege, og velter inn på andreplass på mi topp 5 over beste konserter!

På førsteplassen troner fortsatt Radiohead sin konsert i Oslo Spektrum i 2001, men det er irrelevant her og no. No er det Sigur Rós det handlar om…

Ein nesten fullsatt sal kunne h?yre Björk-inspirerte Kate Havnevik (aktuell med plata Melankton) få opp stemninga. Etter ein kort pause kom strykekvartetten til hovedbandet på scena og kreerte dei mest drømmande og til tider meget artig komponerte melodiar. Amiina er namnet om du er interessert i det ;-)

Etter ein og ein halv time med oppvarmingsbanda, entra Sigur Rós scena bak eit stor kvitt forheng. Var lenge redd dei skulle spele heile konserten bak dette, ettersom dei spilte første og litt av den neste, mens forhenget skilte dei frå publikum. Men nei, det var heldigvis ikkje tilfellet. Poenget med forhenget var å få visuelle effekter fram, noko som til ei viss grad fungerte veldig godt.

For dei som har høyrt dette bandet før, eller vore i det selskap å faktisk ha vore på konsert med dei, veit at resten av kvelden var til dei grader ein heftig opplevelse! Det er vanskeleg å forklare, det må nesten opplevast, men stemninga var ei blanding av trollsk og drøymandes. Sjekk forøvrig videoer frå bandet her.

Avslutningen var noko utanom det vanlege. Vertfall om det kjem til lydnivå. Berre spør øyro mine. Det var ein orgasmisk (hehe) framførelse av untitled 8 (arbeidstittel: popplagið) frå albumet (). Delvis framført bak det allereie nemnte forhenget.Alt i alt ein meget vellyka og fantastisk konsert! Man trenger ikkje be meg to ganger om bandet kjem tilbake til Norge!

Anbefaler å kjøpe musikken og drømme seg vekk!

Summary in english:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional