Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Livets underfundigheter

Gått ei lita stund sidan sist oppdatering. Ting og tang har hindra meg i å fått lagt til noko som helst her på sida (Jepp, det har garantert noko med ISP’en å gjere…). Vel, kor skal eg begynne?

Gått ei lita stund sidan sist oppdatering. Ting og tang har hindra meg i å fått lagt til noko som helst her på sida (Jepp, det har garantert noko med ISP’en å gjere…). Vel, kor skal eg begynne?

Kan nemne at eg har møtt kongen av Noreg og Spania nyleg. I anledning KNM Fridtjof Nansens heimkomst frå byggjing i Spania bar det til Oslo med KNM Narvik for å ta i mot «Noregs nye stolthet» i dåpsbyen. Og slikt skjer jo sjølvklart ikkje uten pomp og prakt. Under kan du sjå meg, såvidt, stå oppstilt foran kongen (nr. 7 fra høgre). Artig.

Kongen på KNM Fridtjof Nansen

Ellers så feira eg bursdag sammen med folka i mi avdeling på båten. Eller det var kanskje ikkje akkurat for meg me feira, me hadde berre bakkspils. Men eg fekk vertfall bursdagssongen i gave på Zachen. Evig takknemleg for den!

Til slutt må eg komme med ein innrømmelse: Eg klare meg ikkje uten musikk, så eg gjekk til innkjøp av ein ny iPod i 30 gb-klassen. Savnet vart for stort. Den er virituelt døypt, og namnet vart Hiksteoluf jr. Namnet har den fått etter dens onkel, harddisken Hiksteoluf.

PS

Gjesteboka er no gjennoppstått frå den non-funksjonelle verda, og du kan igjen skrive inn dine ord ;-)


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional